Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

september
24.

BØLLEKURS for forfattarar og omsetjarar

Nå tilbyr NFFO et et bøllekurs for NFFOs medlemmar. Gå breiare, snakk høgare i forhandlingar og marknadsføring.

Bøllekurs

Velkommen til eit kurs der me håpar medlemmene sit att med mange konkrete tips og råd om forhandlingsteknikk og marknadsføring.
Du vil få tips om kva du bør vere merksam på og prøve å forhandle på i normalkontrakten. Marknadsføring av bøker er og skal vere forlagas ansvar. Men mange medlemmer opplev at forlaga har mindre og mindre tid til kvar tittel, og ønskjer innspel på kva dei kan gjere for å få bøkene sine med i den offentlege samtalen.

Meld deg på kurset her

PROGRAM

Kl. 18:00-18:50 Kristina Quintano: Korleis få merksemd for boka eller hjartesaka di på sosiale medium.
Kristina Quintano er journalist, omsetjar og forleggjar. Ho er engasjert i flyktningkrisa og står m.a. bak Facebook-
profilen Budbringeren fra Helvete.

Kl. 19:00-19:50 Parallellsesjon om forhandlingsteknikk.
I storsalen i 2. etg: Jan Terje Helmli om normalkontrakten for forfattarar. Kva punkt kan og bør forfattarar forhandle
på?
I glashuset i 2. etg: Rune R. Moen om normalkontrakten for omsetjarar. Kva punkt bør omsetjarane vere særleg
merksame på?
Jan Terje Helmli er juridisk rådgjevar i NFFO.
Rune R. Moen er omsetjar og medlem av NFFOs omsetjarutval. Han har sete i forhandlingsutvalet for ny
normalkontrakt for omsetjarar.

Kl. 20:00-20:50 Atle Jørstad Wergeland: Korleis selje inn ei bok hos pressen. Kva bøker og forfattarar får spalteplass og korfor?
Atle Jørstad Wergeland er nyhendesjef i VG Rampelys.

Servering: Kaffi og te
Eksklusivt og gratis for NFFO-medlemmer. For både forfattarar og omsetjarar.

Spørsmål? Ta kontakt med formidlingsansvarleg Kristine Isaksen kristine.isaksen@nffo.no /
952 019 68.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med noen tredjepart. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.